Magnar Grøndal - Notesamlingar

Magnar Grøndal, komponist som har tonesett meir enn 1 100 nynorske salmar og dikt. Han har gitt ut 34 hefte der han har sett tone til nynorske tekstar.

Magnar Astrup Grøndal (26.9.1919 – 21.2.2010) var fødd i Langevåg på Sunnmøre. Han voks opp i ein heim med mykje song og musikk, og Magnar synte tidleg givnad for ulike kunstnariske interesser. Som komponist var han sjølvlært. Med tida fekk han også rettleiing frå etablerte komponistar som t.d. Elling Enger.

Magnar var godt vaksen før han stod fram som tonediktar. I 1954 tonesette han sitt eige dikt «Livet og vegen». På den tida arbeidde han som møbeltapetserar. Seinare dreiv han eige hønseri, men etter kvart tok musikken det meste av tida hans. Den første tonesamlinga hans, «Takk vere Gud», kom i 1973. Seinare gav han ut 33 nye hefte. Han sette tone til tekstar av eit 40-tals nynorske lyrikarar. Dessutan er eit utval tekstar frå Island og Færøyane representerte i hefta.

I 2004 skipa Magnar Grøndal eit legat som fekk namnet hans. Føremålet med legatet er å gjere Magnar Grøndal sin musikk kjend. Det kan også nyttast til å fremje klassisk song og musikk i Sula kommune og elles på Sunnmøre.

I høve 100-årsdagen for Magnar Grøndal sin fødsel 29. september gav legatet ut tonesamlinga «Magnar Grøndal - songar i utval» og ein CD som blei presentert under ein konsert i Langevåg kyrkje. Ivar Aasen sin vakre salme «Takk vere Gud» innleier både tonesamlinga og CD-en. «Takk vere Gud» er også tittelen på dei 11 første hefta som Magnar Grøndal gav ut.