Sunnmøre historielag gir ut ei ny årbok kvart år. Årboka inneheld alltid artiklar om sunnmørssoga, men med interesse for alle sider av samfunn og menneske. Årboka for 2016 kjem i starten av 2016, i papir.
Til no har Sunnmøre Historielag digitalisert Årbok for Sunnmøre / Tidsskrift for Sunnmøre historielag for åra 1910-2010 . Dette er eit stort og svært interessant materiale, på 8288 sider!. Dette er no tilgjengeleg og søkbart. Den digitale utgåva er eit samarbeid med Senter for digitalisering av kulturarven (SEDAK).
Sunnmøre historielag er det første historielaget i Norge som gjer alle sine tidsskrift søkbare på nettet. Vi arbeider no med å digitalisere årgangane etter 2010.