Heimveg ungdomsblad

Heimveg ungdomsblad vart gitt ut av Nordmøre Folkehøgskule i Surnadal. Hans Hyldbakk (1898 -2001) var redaktør frå 1939 til 1942. Avisa vart stoppa som ein protest mot sensur og kontroll frå okkupasjonsmakta. Hyldbakk har seinare vorte kjent som diktar og forfattar av lokalhistoriske verk. Mest kjent er han for diktet "Vårsøg", som Henning Sommerro seinare har sett melodi til.