Voldnes Skipsverft A.S.

Voldnes skipsverft vart etablert i 1962 som ein del av Gerh. Voldnes A/S, og som eige aksjeselskap i 1973. Planen var å nytte produksjonsfolka frå fiskeridelen også i skipsbygginga. Særleg på bygg 1 - "Gevobulk" var dette tilfellet. Dei første åra vart ein hall på GEVO-anlegget i Fosnavåg sentrum nytta til platehall. Ferdige stålseksjonar vart frakta landevegen og sjøvegen til verftet inne i Ura. I 1968 vart det bygd nye platehallar ved beddingen og også lagt tak på desse og beddinghallen. Voldnes vart dermed av dei første i Norge som kunne bygge komplette båtar på inntil 80 meter under tak. Anlegget var bereikna til å bygge og sjøsette båtar, opptrekksmoglegheiter var der ikkje ved sjølve verftet. Men fram til 1993 disponerte verftet den nevnte "Slippen" lenger ute på havna i Nørvågen. Men den vart etterkvart for liten og difor etterkvart avhenda (1994). Fram til midten av 1980 talet vart alt av møblar til nybygga laga på slippen. I 1960 og 70 åra var verftet ei hjørnesteinsverksemd i Fosnavåg. Antall tilsette var oppe i kring 130 på det meste. Både 60 og 70 talet var gode år med rikeleg med tilgong på kontrakter.

  • 1

    Rig Sailor

    Supplybåt. Bygg nummer 12. Generalarrangement. Tegning: 5272.01. Hos Fiskerstrand og Eldøy.

  • 1

    RSD 23 Fjøløy

    Transportskip. Generalarrangement. Bygg nummer 21. Tegning: VS:S00040

  • 1

    Skarven

    Dykkerbåt 45 fot. Bygg nummer 37. Tegning: S10690

  • 1

    Standby Master

    Standby/rescue båt. Bygg nummer 31. Tegning: S10504

  • 1

    Standby Pioneer

    Standby/rescue båt. Bygg nummer 30. Tegning: S10506

  • 1

    Sølvbas

    Standby/rescue. Bygg nummer 40. Tegning: S 00196

  • 1

    Tustna

    Ferge. Bygg nummer 17. Tegning: S00025

  • 1

    ØSD 2 Wisting

    Transportskip. Bygg nummer 20. Tegning: 32.134 B

  • 1

    Øybris

    Sjark 39 fot. Bygg nummer 26. Tegning: S10766