Rundt midten av 1800-talet vart A.M. Liaaen på Kvennaneset på Aspøya starta opp. Bedriftseventyret har røter i Sunnylven. Det heile starta med Nils Anderssen Liaaen, fødd på det vesle bygselsbruket Ljøfoss i Sunnylvsfjorden i 1820. På det meste arbeidde over 600 personer på A.M. Liaaen, som ein gong var den største bedrifta i Møre og Romsdal. Ysteneset og Kvennaneset i Ålesund var saman med Finnøya sjølve arnestaden for den maritime mekaniske industrien i denne delen av landet.