Magnhild Almhjell

Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmøre. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammal. Etter at Magnhild miste mor si, vaks ho opp hos besteforeldra på Havdal. Ho fekk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (1822–1912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (1841–1942), lærte ho mange gamle tonar. Mormora vaks opp hos far sin, Erik Larsson, f. Brandstad.

Magnhild var flink på skulen, og ho gjekk ut av folkeskulen med hovudkarakteren 1,57. I bibelhistorie, forklaring og munnleg norsk fekk ho 1 blank. Ho gjekk ikkje vidare med utdanninga, men i 1924 tok ho korrespondansekurs i matematikk, norsk og engelsk. M. var ei aktiv kvinne med klåre meiningar, og interessene hennar gjekk i mange retningar. Ho var aktiv «norskdomskvinne». Elles var ho interessert i bl.a. naturmedisin (ho korresponderte med redaktøren for tidsskriftet Naturlægen (Olvik)), dyrevern, tradisjonar (enten det galdt musikktradisjonar, handverkstradisjonar, handarbeidstradisjonar eller haldningar til gammalt og nytt i det heile) og religion. I det private liv førte dette blant anna til aktivitetar som plantefarging, og ho koka gjerne si eiga såpe.